Ein magistratrett eller distriktsdomstol er ein domstol på fyrste nivå som oftast har som oppgåve å innleie sakene og vurdere prov og vitne, før dei avgjer kva som er fakta i saka og fell dom. Deretter kan sakene ankast vidare til ein appellrett, og eventuelt til høgsterett som fyrst og fremst vurderer saksgangen og resultatet frå dei tidlegare instansane. I magistratrettane er det ofte både fagdommarar og lekdommarar.
Magistratrettane i Noreg er tingrettane.